Om Brefestivalen

Hjarte på breen

3. - 6. juni 2010 vert det Brefestival i Jostedalen i Luster kommune. Bre, ski, kultur og moro i fire heile dagar. Jostedalen er bygda som no er omringa av Nasjonalparkar, Jostedalsbreen nasjonalpark i vest og Breheimen nasjonalpark i aust. I Jostedalen ligg Nigardsbreen som har den lettast tilgjengelege brefronten i Noreg. Bygda er skapt for aktivitet på bre, på fjell, på snø. Kom til Jostedalen og opplev fire dagar med aktivitet og fest.

For påmelding og spørsmål:

tlf 45 47 17 16

e-post: komtil @ jostedal.no

Program 2010
TORSDAG:

Kl 10 Familirafting på Jostedøla med Elvepurka. Aldersgrense 8 år.
Kl 14.00 3-timars rafting i Jostedøla med Elvepurka Aldersgrense 12 år
Kl 12-16: Lukka rundebordskonferanse med Vestlandsforsking, nokre lokale aktivitetsbedrifter deltek.
Kl 15-19: Barneaktivitetar
Kl 16-19: Ope møte: Berre fjell og is eller kan det brukast på eit vis?
- Nasjonalparkmogelegheiter og ny forvalting

- Nasjonalparkpotensiale- sett frå den største nasjonalparken i aplane
Peter Rupitsch, direktør for Hohe Tauern Nasjonalpark i Østerrike
-”25 år med vern i Jostedalen – Kva endrar seg med ny forvaltingsmodell?” - Tom Dybwad, seniorrådgjevar på miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

 

FREDAG:

Kl 06.00: Dagstur på Lodalskåpa. Dagstur på Lodalskåpa, kr 300 (påmelding). Oppmøte Bjønnstegane. Obs: Dette er ein lang tur, som krev at du er i god form.
Kl 10.00: Filosofisk bretur. Oppmøte Breheimsenteret kl 10. Kr 200,- (påmelding)
Kl 10 Familirafting på Jostedøla med Elvepurka. Aldersgrense 8 år.
Kl 14.00 3-timars rafting i Jostedøla med Elvepurka Aldersgrense 12 år.
Kl 19.00: Slakkline med DNT-Ung Luster på Jostedal Camping. Ta med grillmat, me stiller med grillar.
Kl 21.15 Brequiz. Tradisjonell jostedals-quiz med bretema.
 

LAURDAG:

Kl. 09.00: Brattkøyringskurs: Alpine turski (randonne), Vangsen eller Sprongdalseggi, alt etter vêr og snø. Kr. 300,- (påmelding)
Kl 10 Familirafting på Jostedøla med Elvepurka. Aldersgrense 8 år.
Kl 10-16: Barneaktivitetar – klatring og riding. Oppmøte Breheimsenteret. kr. 100,- (påmelding)
Kl 12 på Hytta på Mannen: Med utsikt mot Jotunheimen vil Erlend Loe lese frå si bok med same namn på Spørteggbu (Hytta på mannen) laurdag 5.juni under Brefestivalen. Om skiføret held kan du halde fram turen mot Vangsen frå hytta. Dette er ”gamlevegen” til Vangsen.
Alternativ tur etter opplesinga: "Vangsen frå ei heilt ny side"
Bjørnar Bjørhusdal tek deg med på ein annleis Vangsentur som inkluderar ei nedkøyring ingen førebels har køyrt. På turen vil Bjørnar ha fokus på vegval og skredlære.
Turen vil ha ein eigenandel på kr 250,- (50,- ekstra om du treng låne skredutstyr). Påmelding
Kl 14.00: 3-timars rafting i Jostedøla med Elvepurka Aldersgrense 12 år
Kl 21.00: Brepub på Breheimsenteret med ”Under the table and drinking”

 

SØNDAG:

Kl 09.00: Brattkøyringskurs. Brattkøyringskurs telemarkski, Vangsen eller Sprongdalseggi. kr 300 (påmelding).
Kl 10 Familirafting på Jostedøla med Elvepurka. Aldersgrense 8 år.
Kl 10 – 16 Barneaktivitetar: Bretur med kvalifisert guide, kayakkpadling på NIgardsbrevatnet, grilling og moro ved vatnet etterpå. kr 100,- (påmelding)
Kl 10.00: Ein usedvanleg bretur i blåisen på Nigardsbreen med mannen som kjenner denne breen aller best. Steinar Bruheim, Jostedal Breførarlag. Turen opp Nigardsbreen går i eit landskap av djupe bresprekkar, høge istårn og ulike fargar og formasjonar. Bli med på ei spennande utforsking av blåisen i dei mest interessante områda i brefallet. Kr. 200,- (påmelding).
Kl 14.00 3-timars rafting i Jostedøla med Elvepurka (aldersgrense 12 år)
 

 

Gå til programsidene >

 

  • DEL:

Norsk Brefestival 20©10