Vangsen frå ei heilt ny side

Bjørnar Bjørhusdal tek deg med på ein annleis Vangsentur som inkluderar ei nedkøyring ingen førebels har køyrt. På turen vil Bjørnar ha fokus på vegval og skredlære.
Erlend Loe kjem. Kjem du?
Med utsikt mot Jotunheimen les Erlend Loe frå boka si ”Jotunheimen” på Hytta på Mannen (Spørteggbu) laurdag 5. juni kl. 12.
Barneaktivitetar

Torsdag, laurdag og sundag kan du sende ungane mellom 6 - 12 år ut på tur med røynde turleiarar. Dei to fyrste dagane vert det riding og klatring og sundag vert det bretur.